![]() |
Stikkord: Manglande svar, sein saksbehandling, innsyn
Lars ringjer til Sivilombodsmannen og fortel at han har bede om innsyn i trygdemappa si hos Nav Veslevik, men at han ikkje har fått svar på førespurnaden. Frå ombodsmannen får han beskjed om at han sjølv må etterlyse svar før han kan rette ei klage på manglande svar til ombodsmannen.
Lars purrar, men får ikkje svar og klagar så til ombodsmannen.
Ombodsmannen kontaktar Nav Veslevik og spør om dei har teke imot førespurnaden frå Lars, og om når dei kjem til å svare på førespurnaden. Nav Veslevik opplyser at førespurnaden er motteken, men at han dessverre var blitt liggjande for lenge på grunn av stor saksbehandlingsmengd og sjukdom ved kontoret. Men dei lova at Lars skulle få svar innan ei veke.

|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|