![]() |
Stikkord: Barnebidrag, skjønnsmessig fastsetjing, sein saksbehandling, klage på vedtak, Nav Klage og anke
Ola betaler barnebidrag til dei to barna sine på 5 og 9 år. Han har gått ned i inntekt og søkjer Nav lokalt om å få bidraget nedsett. Trass i skriftlege påminningar til Nav får han ikkje noko svar på søknaden.
Ola kan klage på sein saksbehandling til ombodsmannen. Han finn ut at det er enklare å bruke klageskjemaet til ombodsmannen enn å skrive brev. Ola skriv ut skjemaet frå heimesida til ombodsmannen. Han fyller ut skjemaet og sender det med eventuelle vedlegg til postadressa til ombodsmannen: Sivilombodsmannen, Postboks 3 Sentrum, 0101 OSLO.
I vedtaket Ola seinare får tilsendt frå Nav, er inntekta skjønnsmessig fastsett, og bidraget er like stort som før. Han nyttar klageretten og sender klage til Nav Klage og anke, men får ikkje medhald. Vedtaket til Nav Klage og anke kan Ola klage inn for Sivilombodsmannen. Han fyller ut eit klageskjema, legg ved kopi av vedtaket til Nav Klage og anke og sender klage med vedlegg til Sivilombodsmannen.

|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|