![]() |
Stikkord: Avstand til nabogrense, klage til fylkesmannen, frist for å klage til Sivilombodsmannen
Petter vil byggje garasje i hagen. Ettersom hagen er liten og Petter ønskjer seg ein stor garasje, er den einaste moglege plasseringa ein meter frå nabogrensa mot Reidar.
Petter sender søknad til kommunen, som godkjenner søknaden i tråd med ønsket frå Petter om plassering, trass i at det etter lova i utgangspunktet skal vere ein avstand til nabogrensa på fire meter.
Reidar klagar på vedtaket til fylkesmannen. Fylkesmannen er ikkje einig med Reidar. Derfor stadfester fylkesmannen godkjenninga frå kommunen.
Reidar meiner framleis at det ikkje var rett å gjere unntak frå kravet om avstand. Han blir likevel sliten av all kranglinga med Petter og legg protestane på hylla. Etter eitt og eit halvt år får han nye krefter og bestemmer seg for å gjere eit nytt forsøk på å få stoppa garasjen. Reidar klagar til ombodsmannen og bed om hans vurdering av saka. Ettersom fristen for å klage til ombodsmannen er eitt år frå den endelege forvaltningsavgjerda, får Reidar brev frå Sivilombodsmannens kontor om at saka er forelda og ikkje kan behandlast der.
Reidar lurer på om han – i staden for å klage på vedtaket hos fylkesmannen – kan klage på handlemåten og oppførselen til Petter. Reidar meiner at Petter har handla i strid med både nabolova og god naboskikk. Han tek derfor ein telefon til Sivilombodsmannens kontor for å spørje om det er ein type sak ombodsmannen kan behandle. Han får då opplyst at ombodsmannen berre behandlar klager på offentlege styresmakter, og at slike privatrettslege tvistar fell utanfor arbeidsområdet til ombodsmannen.

|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|