![]() |
Stikkord: Fengsel, kriminalomsorg, klage på oppførselen til tilsette, søknad om permisjon
Jan synest at han får dårleg behandling i fengselet. I eit brev til ombodsmannen skildrar han kvardagen og rutinane på avdelinga og oppførselen til bestemte fengselsbetjentar. Han opplyser også at han har søkt om permisjon for å besøkje familien sin, men at han har fått avslag. Det synest han er urettferdig. Han bed ombodsmannen om hjelp til å løyse problema.
I svarbrevet frå ombodsmannen får Jan beskjed om at klaga må vere meir presis, og at det er vanskeleg å vite nøyaktig kva han ønskjer hjelp til. Dette blir han beden om å forklare nærmare. Samtidig får han beskjed om at saksbehandlinga hos ombodsmannen er skriftleg, og at det derfor er vanskeleg å undersøkje oppførselen til dei tilsette. Dei generelle forholda i fengselet er det også vanskeleg for ombodsmannen å undersøkje. Slike spørsmål kan han prøve å ta opp med tilsynsrådet eller direkte med fengselet.
Avslaget på søknaden om permisjon kan ombodsmannen vurdere når saka har vore prøvd av regionkontoret til kriminalomsorga, som er klageinstans. Dersom regionen held oppe avslaget, kan han altså klage til ombodsmannen på nytt. Han bør då leggje ved ein kopi av klagevedtaket. Andre dokument i saka kan ombodsmannen sjølv skaffe frå kriminalomsorga.

|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|