![]() |
Stikkord: Særfrådrag, skattekontoret, skatteklagenemnda, sein saksbehandling
I sjølvmeldinga for inntektsåret 2006 kravde Ellen særfrådrag for store sjukdomsutgifter med kr 10 000. Ved den ordinære likninga fekk ho ikkje frådrag for desse utgiftene. Ellen var ueinig i likningskontoret si vurdering av saka.
Ellen lurer på om ho kan klage på likninga til Sivilombodsmannen. Ho ringjer til Sivilombodsmannen, som forklarer at saka ikkje kan behandlast hos ombodsmannen før ho er endeleg avgjord i forvaltninga. Ellen må derfor først klage til skattekontoret og skatteklagenemnda.
Ellen sende klage til skattekontoret. Det gjekk lang tid utan at ho høyrde noko derifrå, sjølv om ho hadde purra på svar.
Ellen kan klage på sein saksbehandling til ombodsmannen. Ho finn ut at det er enklare å bruke klageskjemaet frå ombodsmannen enn å skrive brev. Ellen skriv ut skjemaet frå heimesida til ombodsmannen. Ho fyller ut skjemaet og sender det med eventuelle vedlegg til postadressa til ombodsmannen: Sivilombodsmannen, Postboks 3 Sentrum, 0101 OSLO.

Både skattekontoret og skatteklagenemnda heldt fast ved at Ellen ikkje hadde rett til frådrag for store sjukdomsutgifter for inntektsåret 2006.
Ellen kan sende ei klage på vedtaket i skatteklagenemnda til Sivilombodsmannen. Ho passar på å sende klaga innan klagefristen hos ombodsmannen, som er eitt år rekna frå vedtaket i skatteklagenemnda. Ellen skriv ut klageskjemaet frå heimesida til ombodsmannen. Ho fyller ut skjemaet og legg ved kopi av vedtaka frå skattekontoret og skatteklagenemnda. Klageskjemaet med vedlegg sender ho til postadressa til ombodsmannen: Sivilombodsmannen, Postboks 3 Sentrum, 0101 OSLO.

|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|