sivilombudsmannen - logo

  • Framsida
  • Om Sivilombodsmannen
  • Om å klage
    • Klageskjema
    • Døme på klager
      • Innsyn
      • Tilsetjing
      • Skatt
      • Utdanningsstøtte
      • Byggjesak
      • Sosialhjelp
      • Barnebidrag
      • Utlending og visum
      • Kriminalomsorg (fengsel)
    • Spørsmål og svar
    • Saksgang for klagen
  • Offentleg journal
  • Fråsegner
  • Publikasjonar
  • Ledige stillingar
  • Lenker
  • Om nettstaden
  • Kontakt
Listen to this page using ReadSpeakerLytt
a a a

Hurtiglenker

  • Kontakt oss
  • Sidekart

Søk

Du er her:

  • Om å klage
  • Døme på klager
  • Sosialhjelp
Mann aleine på benk

Sosialhjelp: Klage på vedtak om støtte til livsopphald

Stikkord: Sosialhjelp til livsopphald, klage på vedtak, fylkesmannen

Peder søkjer om sosialhjelp til livsopphald. Søknaden blir godkjend, men Peder får mykje mindre enn han hadde rekna med. Han meiner at det må vere ein feil ved vedtaket, og at sosialkontoret gjorde feil i saksbehandlinga. Peder lurer på om han kan klage til Sivilombodsmannen.

Vedtaket til sosialkontoret kan påklagast til fylkesmannen. Denne klageretten må ha vore brukt før Sivilombodsmannen kan behandle saka. Peder må derfor først klage til fylkesmannen.

Peder sender ei klage til sosialtenesta, som står fast på vedtaket og sender saka vidare til fylkesmannen. Heller ikkje hos fylkesmannen får Peder medhald.

No som det endelege vedtaket frå fylkesmannen ligg føre, kan Peder klage til Sivilombodsmannen. Han passar på å halde seg innanfor klagefristen på eitt år (rekna frå tidspunktet for vedtaket hos fylkesmannen). Peder finn ut at det enklaste er å bruke klageskjemaet frå ombodsmannen. Han skriv ut skjemaet frå heimesida til Sivilombodsmannen, fyller det ut og legg ved ein kopi av vedtaket frå fylkesmannen. Klageskjemaet med vedlegg sender han til postadressa til ombodsmannen: Sivilombodsmannen, Postboks 3 Sentrum, 0101 OSLO.

 

 

 

 

Språkversjonar

Bokmål
Nynorsk
Samisk
English

Informasjonssider

Deutsch
FranÇais
Español
Русский  
اردو

العربية
中文
Polski

Årsmelding 2010
(pdf, 2.1 MB)

Publikasjonar

Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo
Telefon +47 22 82 85 00 Grønt nummer: +47 800 80039

Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn    
 
Abonner på RSS