![]() |
Stikkord: Tilsetjing, saksbehandling, kvalifikasjonsvurdering
Kari har søkt på ei stilling som omsorgsarbeidar i kommunen der ho bur, og var blant søkjarane som blei innkalla til intervju. Kari fekk ikkje tilbod om stillinga, men blei innstilt som nummer 2. Kari meiner at ho er betre kvalifisert enn personen som fekk stillinga, og sender ein førespurnad til Sivilombodsmannen om ho kan klage på tilsetjinga.
Frå ombodsmannen får Kari opplyst at tilsetjingar i den offentlege forvaltninga fell inn under arbeidsområdet til ombodsmannen og kan klagast inn for ombodsmannen. Ho blir gjord merksam på at ombodsmannen kan vurdere kommunen si saksbehandling og kvalifikasjonsvurdering, likevel slik at det sistnemnde er ei skjønnsmessig avgjerd som ombodsmannen har avgrensa høve til å uttale seg om. Vidare opplyser ombodsmannen at dersom Kari er fagorganisert, kan det vere grunn til å ta saka opp med fagforeininga først. Dersom ho ønskjer å klage, må Kari gjere greie for kva slags tilsetjing det gjeld, og kva for feil ho meiner er gjorde. Kari blir også beden om leggje ved dei saksdokumenta ho har tilgang til, til dømes utlysningsteksten, søknaden o.a.

|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|