|
|
Dersom du vil klage til Sivilombodsmannen, kan du bruke det elektroniske klageskjemaet, eller du kan sende eit vanleg brev. Om du klagar på vegner av andre, må du leggje ved fullmakt. Nedanfor ser du eit døme på korleis eit klagebrev kan formulerast. Hugs at klagen må underteiknast.
Det er viktig at du så presist som råd forklarer kva for eit forvaltningsorgan (kommune, direktorat, departement eller anna) klagen gjeld. Du bør også forklare kva for feil du meiner forvaltninga har gjort. Vanlegvis er det nok å skrive ei side eller to. Dersom det er eit konkret vedtak du meiner er feil, bør du opplyse om datoen for vedtaket og helst leggje ved ein kopi av det.
Alle dokument som du trur kan kaste lys over saka, bør leggjast ved klagen. Ver vennleg å sende inn kopiar av relevante dokument. Sender du inn originalar som du ønskjer i retur, må du seie frå om dette i klagen. Sivilombodsmannens kontor kan også sjølv skaffe dokumenta i saka frå forvaltninga.
«Sivilombodsmannen
Postboks 3 Sentrum
0101 OSLO
Eg har eineansvaret for to barn på 6 og 9 år. Det er ikkje mogleg å få arbeid for meg her i Vesleby. Av omsyn til barna kan eg ikkje ta meg jobb nokon annan stad.
Bidragsbeløpet eg får, er svært lite. I tillegg får eg ein mindre stønad frå Nav. Andre inntekter har eg ikkje. Dette fører til at eg ikkje greier å dekkje nødvendige utgifter til klede og bustad. Eg har sett opp ei oppstilling over løpande inntekter og utgifter som viser kor håplaus den økonomiske situasjonen min er.
Søknaden om sosialhjelp er likevel blitt avslått av sosialtenesta. Eg legg ved ein kopi av avslagsbrevet. Eg har klaga til Fylkesmannen, men klaga førte ikkje fram. Fylkesmannen var einig med sosialkontoret. Eg legg ved kopi også av dette avslaget. Avgjerda hos fylkesmannen er datert 22. juli 2008, så klaga mi er innanfor klagefristen hos ombodsmannen på eitt år.
Kan ombodsmannen hjelpe meg?
Kari Hansen
Ankevegen 99
9999 VESLEBY»
Dersom du synest det er vanskeleg å setje opp ein klage, kan du kontakte Sivilombodsmannens kontor og be om rettleiing frå ein saksbehandlar. Slik rettleiing kan du få per telefon, eller du kan be om ein konferanse her. Tidspunktet må avtalast på førehand.
|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|