Klagen blir med ein gong gitt til ein saksbehandlar, som går igjennom klagen og vurderer om han kan behandlast hos ombodsmannen. Dersom klagen ikkje kan behandlast, får du beskjed om det i løpet av to veker. I alle fall får du i løpet av to veker eit førebels svar, med informasjon om når du kan rekne med å høyre nærmare frå ombodsmannen.
Deretter vil ombodsmannen vurdere om det er grunnlag for å ta saka opp med det innklaga forvaltningsorganet. Vanlegvis tek denne vurderinga mellom fire og ti veker. Dersom det er grunnlag for å ta klagen opp til slik nærmare undersøking, vil ombodsmannen skrive brev til forvaltningsorganet og be om kommentarar til klagen. Ofte vil ombodsmannen også stille konkrete spørsmål. Forvaltningsorganet vil som hovudregel få fire vekers svarfrist. Når ombodsmannen har fått svar frå forvaltningsorganet, får du høve til å kommentere det.
Dersom det ikkje er grunnlag for å gå vidare med klagen, får du ei grunngiving for dette i eit brev frå ombodsmannen.
Ombodsmannen vil til slutt seie si meining om klagen.
Den saksbehandlingstida som er sett opp, er rettleiande.
4 dager - 2 vekerSivilombodsmannen vurderer om han kan behandle klagen.Saker som ombodsmannen ikkje behandlar |
||||
Saka blir avvist. Klagaren får beskjed per brev.Saker som ombodsmannen ikkje behandlar |
Sivilombodsmannen skaffar seg dokument frå forvaltninga. Klagaren får eit førebels svar. |
Klagen blir behandla berre på grunnlag av dei innsende dokumenta og blir avslutta i løpet av kort tid.Klagaren får tilbakemelding per brev. Klager over sein saksbehandling blir ofte behandla på denne måten. |
||
4 - 10 vekerKlagen blir behandla vidare. |
||||
Ombodsmannen finn grunn til å undersøkje klagen nærmare og sender brev til forvaltninga.Klagaren får beskjed per brev. |
Ombodsmannen finn ikkje grunn til å undersøkje klagen nærmare, og klagesaken blir avslutta.Klagaren får beskjed per brev. |
|||
3 - 6 månaderUndersøkingane i klagesaken held fram. Klagaren får høve til å uttale seg. |
||||
4 - 12 månaderSivilombodsmannen kjem med si fråsegn i klagesaken.Dersom fråsegna gir klagaren medhald, og saka endar med kritikk av forvaltninga, vil forvaltninga vanlegvis rette seg etter det ombodsmannen seier.Kva kan Sivilombodsmannen gjere? |
||||
|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|