sivilombudsmannen - logo

  • Framsida
  • Om Sivilombodsmannen
  • Om å klage
    • Klageskjema
    • Døme på klager
    • Spørsmål og svar
    • Saksgang for klagen
  • Offentleg journal
  • Fråsegner
  • Publikasjonar
  • Ledige stillingar
  • Lenker
  • Om nettstaden
  • Kontakt
Listen to this page using ReadSpeakerLytt
a a a

Hurtiglenker

  • Kontakt oss
  • Sidekart

Søk

Du er her:

  • Om å klage

Om å klage

Dersom du meiner å ha vore utsett for urett eller feil frå det offentlege, kan du klage til Sivilombodsmannen.

Før du klagar til Sivilombodsmannen, må du ha brukt alle andre klagerettar. Det tyder at du først må ha klaga til det offentlege organet som har behandla eller avgjort saka di, for eksempel kommunen.

Om du ikkje får medhald i klagen din, må du undersøkje om du kan klage saka inn for eit høgare klageorgan, for eksempel fylkesmannen.

Dersom ingen av klagene fører fram, og du meiner det framleis er feil eller urett som ikkje er blitt retta opp, kan du klage til Sivilombodsmannen.

Fristen for å klage til Sivilombodsmannen er eitt år frå den endelege avgjerda i saka vart teken eller frå det tidspunktet det forholdet du klagar på, hende eller oppsto.

Men om det offentlege brukar veldig lang tid på å behandle saka di eller ikkje svarer i det heile, kan du klage til Sivilombodsmannen på sein saksbehandling eller manglande svar – medan saka framleis er til behandling.

Om du meiner at det offentlege har gått fram omsynslaust, krenkjande eller på anna klanderverdig vis, kan du klage på det.

Ikkje alle klagar eignar seg for behandling hos Sivilombodsmannen. Nedanfor følgjer nokre vanlege klagemål Sivilombodsmannen ikkje kan behandle:

  • avgjerder frå domstolane og avgjerder som kan ankast eller klagast inn for domstolane, til dømes ei utpanting eller eit påleggstrekk
  • usemje/tvistar mellom privatpersonar, til dømes nabokranglar, usemje om private kontraktsforhold eller klager på private organisasjonar
  • saker der det offentlege opptrer som privat part. Dette gjeld til dømes usemje om leige av kommunal bustad eller kjøp av eigedom frå det offentlege

Sivilombodsmannen kan gi ei rettsleg, objektiv og nøytral vurdering av klagen din. Det er gratis å klage til Sivilombodsmannen.

Send ein klage til Sivilombodsmannen. Klikk her for å gå direkte til klageskjemaet.

Språkversjonar

Bokmål
Nynorsk
Samisk
English

Informasjonssider

Deutsch
FranÇais
Español
Русский  
اردو

العربية
中文
Polski

Årsmelding 2010
(pdf, 2.1 MB)

Publikasjonar

Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo
Telefon +47 22 82 85 00 Grønt nummer: +47 800 80039

Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn    
 
Abonner på RSS