sivilombudsmannen - logo

  • Framsida
  • Om Sivilombodsmannen
  • Om å klage
    • Klageskjema
    • Døme på klager
    • Spørsmål og svar
    • Saksgang for klagen
  • Offentleg journal
  • Fråsegner
  • Publikasjonar
  • Ledige stillingar
  • Lenker
  • Om nettstaden
  • Kontakt
Listen to this page using ReadSpeakerLytt
a a a

Hurtiglenker

  • Kontakt oss
  • Sidekart

Søk

Du er her:

  • Om å klage
  • Klageskjema

Klageskjema

Send klagen din direkte til ombodsmannen ved å fylle ut det elektroniske klageskjemaet under. Skjemaet er i seks steg og enkelt og raskt å fylle ut. Det er òg mogeleg å laste opp vedlegg og sjå og lagre klagen før du sender han inn. Vedlegg må vere pdf og ikkje zip-filer.

Om du ikkje ønskjer å sende inn elektronisk klage, kan du under «Samandrag» åpne det utfylte klageskjemaet i pdf-format, skrive det ut og sende det inn med vanleg post.

Du kan òg skrive og poste eit vanleg klagebrev til oss. Sjå døme på klagebrev her.

Uviss på om du kan klage til Sivilombodsmannen? Les dette før du sender inn klagen.
 

  1. Informasjon
  2. Personalia
  3. Klagen
  4. Skildring
  5. Vedlegg
  6. Samandrag

Informasjon

Når du sender eit elektronisk klageskjema til ombodsmannen, blir det behandla på lik linje med eit vanleg brev med omsyn til teieplikt, journalføringsplikt og føresegnene i offentleglova, forvaltningslova og personopplysingslova.

Opplysingane du legg inn i skjemaet, blir sende til ombodsmannen over ei sikker tilknyting (HTTPS). Dette tyder at uvedkommande ikkje kan sjå eller endre data som er sende. Skjemaet blir ikkje mellomlagra, og når alle skjemadata er registrerte i ombodsmannen sitt elektroniske saksbehandlings- og arkivsystem, blir dei sletta frå skjemaserveren.

Opplysingane du gir i klagen din, blir berre lagra i vår database for å kunne behandle klagen din. Opplysingane vil ikkje bli brukte i andre samanhenger eller av andre verksemder.

I samband med innsending av klager nyttar Sivilombodsmannen skjematenester levert av dataleverandøren CoreTrek. Dette selskapet vil berre ha tilgang på dine opplysingar i den grad det er naudsynt  for å overføre klagen din elektronisk.

Om du legg inn e-postadressa di under ’Personalia’, vil du få ei stadfesting på at klagen din er motteken per e-post med informasjon om den vidare saksgangen. Det er fullt mogeleg å sende inn skjemaet utan å oppgi e-postadresse.

Sivilombodsmannen vil svare på klagen din i vanleg brevs form. All vidare korrespondanse vil også føregå per vanleg brev. E-post er ikkje sikkert nok til å sende teiepliktige opplysingar og vil berre unntaksvis bli brukt til å svare på enkle spørsmål og til meldingar som ikkje inneheld sensitive opplysingar eller informasjon av privat karakter. Ombudsmannen oppmodar deg til ikkje å sende sensitive opplysingar på e-post.

Tilsette hos Sivilombodsmannen og andre som behandlar personopplysingar på vegner av Sivilombodsmannen, har teieplikt om opplysingar som går fram av klager.

Du kan når som helst be om å få sjå personopplysingane vi har registrert om deg og be om at unøyaktige eller ufullstendige personopplysingar blir retta eller sletta.
 

Språkversjonar

Bokmål
Nynorsk
Samisk
English

Informasjonssider

Deutsch
FranÇais
Español
Русский  
اردو

العربية
中文
Polski

Årsmelding 2010
(pdf, 2.1 MB)

Publikasjonar

Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo
Telefon +47 22 82 85 00 Grønt nummer: +47 800 80039

Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn    
 
Abonner på RSS