Sivilombodsmannen lanserte ny nettstad 1. oktober 2008. Vi har lagt vekt på at sidene skal vere brukarvennlege og tilgjengelege for alle. Nettsidene er utvikla i samsvar med WAI (Web Accessibility Initiative) sine retningslinjer for lett tilgjengeleg informasjon.
Denne erklæringa gjer greie for behandlinga av personopplysningar som blir registrerte via www.sivilombudsmannen.no og dei rutinane Sivilombodsmannen har for handtering av elektroniske førespurnader.
For at vi skal kunne utvikle og forbetre nettstaden vår, bruker vi Google Analytics, som er ei teneste for webanalyse levert av Google Inc. (”Google”). Google Analytics bruker ”cookies” (informasjonskapslar), som er tekstfiler som blir plasserte på datamaskinen din. Det blir gjort for å hjelpe nettstaden med å analysere korleis brukarane bruker nettstaden. Informasjonen som cookien samlar inn om din bruk (mellom anna IP-adressa di), blir send til Google og blir lagra på serverar som selskapet har i USA. Google bruker denne informasjonen for å vurdere korleis du bruker nettsida, lage rapportar til innehavaren av nettstaden om aktiviteten på nettstaden og for å yte andre tenester i tilknyting til aktiviteten på nettstaden og bruken av Internett. Google kan også overføre denne informasjonen til tredjepartar dersom det ligg føre ei rettsleg plikt til det, eller dersom slike tredjepartar behandlar informasjonen på vegner av Google.
Google vil ikkje samanstille IP-adressa di med andre opplysningar Google sit inne med. Du kan avvise bruken av cookies på maskinen din ved å justere dei nødvendige innstillingane på nettlesaren. Ver likevel klar over at dersom du gjer dette, vil du kanskje ikkje vere i stand til å utnytte funksjonaliteten til nettstaden fullstendig. Ved å bruke nettstaden godtek du at Google behandlar opplysningar om deg på den måten og for det formålet som det er gjort greie for ovanfor.
Sivilombodsmannen bruker desse opplysningane til å lage ein besøksstatistikk for nettstaden, og dei blir ikkje brukte til å identifisere enkeltpersonar. Dei statistiske opplysningane blir ikkje samanstilte med data frå andre kjelder.
Bruk av e-post har veikskapar med tanke på tryggleiken. E-post bør derfor berre brukast til enkle spørsmål. Sivilombodsmannen bed om at førespurnader som inneheld sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter, ikkje blir sende via e-post.
|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|