Sivilombodsmannen leverer kvart år innan 1. april ei melding til Stortinget om verksemda si i det føregåande året. I meldingane blir det mellom anna gjort greie for alminnelege forhold innanfor institusjonen og for utvalde forvaltningsrettslege spørsmål av generell interesse. Meldingane inneheld i tillegg referat av eit utval av fråsegnene frå ombodsmannen. Sjølve meldingane finst berre på bokmål eller nynorsk, men samandraget finst også på engelsk.
Kortmeldinga er eit samandrag av årsmeldinga som inneheld informasjon og statistikk om verksemda i det aktuelle året. Samandraget inneheld også ei oversikt over saker av allmenn interesse som har vore behandla i løpet av året.
Ombodsmannen gjennomfører kvart år av eige tiltak fleire undersøkingar av saksbehandlinga og maktutøvinga hos forvaltninga. Gjennom særskilde meldingar orienterer Sivilombodsmannen Stortinget om nokre av desse undersøkingane. Meldingane finst berre på originalspråket, det vil seie bokmål eller nynorsk. Siste særskilde meldingar:
Sivilombodsmannen har utarbeidd ein brosjyre som gir ei kort orientering om oppgåvene og verksemda til ombodsmannen. Det blir mellom anna gjort greie for kva ombodsmannen kan gjere, korleis klager kan leggjast fram, og korleis ombodsmannen og medarbeidarane hans behandlar klagene. Brosjyren er tilgjengeleg som PDF-dokument på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk.
|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Liv Jakobsen Føyn |
|